Velkommen til heimesida vår
Det er høve til å leige Daugstad bedehus til forskjellige typer arrangement.
Det kan leigast til å avholde møter for lag og foreiningar. Det kan også leigast til selskap, til dømes konfirmasjon, dåp, minnesamvær eller liknande.
Bedehuset har en hovedsal med ca 60 stoler, fullt utstyrt kjøkken med ordinær oppvaskmaskin, samt ein kjellarsal med sittegrupper med plass til nærmere 20 personer.
Det er råd å utvide sittekapasiteten i begge saler med plaststoler som står lagret i kjelleren.
Ta kontakt med ein av medlemane i styret om du ynskjer å avtale leige, eller har spørsmål om leige av huset.
Retningslinjer for bruk av Daugstad bedehus
Leigetakar skal sørge for at bruken ikkje er i strid med lovene til Daugstad bedehus.
Alle arrangement på Daugstad bedehus skal vere alkohol og rusfrie.
Leigetakar har plikt til å rydde og vaske golv og toalett, samt å ta med søppel etter bruk.
Leigetakar er ansvarleg for skade på bygg og inventar, og har plikt til å melde frå om skade.
Leige av heile huset til privat arrangement: Kr 1500 / døgn.
Ved førebuing og rydding: Kr 200 pr ekstra døgn.
Leige til enkeltståande møter: Kr 400.
Leige av plaststoler til ekstern bruk: Kr 100.
Leige av kvite velourdukar (Leveres ferdig vasket) Kr 100.
Andre gjenstander og innbo er forøvrig ikkje til utlån for ekstern bruk.
Utleige prisar er gjenstand for årleg revisjon av styret.