Daugstad bedehus vart bygd i 1961. Huset var i bygda sitt eige fram til 1989 då eigarskapet, etter ønske frå årsmøtet, vart overført til Norsk Luthersk Misjonssamband og Romsdal Indremisjon.

I seinare år har det vore vanskeleg å ha fungerande styre til desse to organisasjonane. Situasjonen gav derfor etterkvart to valg: enten å la eigarorganisasjonane selge huset eller ha ein prosess for å få eigarskapet tilbake til bygda. 

Hausten 2019 vart Daugstad bedehusforening oppretta og eigarskapet overført til foreninga.

Foreninga tek sikte på å videreføre drifta av bedehuset, som fortsatt skal vere eit hus der felleskap omkring Guds ord er det sentrale. Det er laga nye vedtekter og det vil haldas årlege årsmøter.

Det blir arrangert forskjellige møter og samlingar gjennom året. Vi legg ut møtekalender her på heimesida, samt oppslag på bedehuset. 

Bedehuset kan også leigast ut til selskap, til dømes konfirmasjon, minnesamvær eller liknande. 

Foreningen har hausten 2019 og våren 2020 fått gjort ein del vedlikehaldsarbeid: Tetta tak med nye beslag, pipehatt og vindskier. Sett inn nye ytterdører og ny rømningsdør i hovedsal. Oppgradert parkeringsplassen. Lagt takvatn i røyr. Mala kjellar innvendig. Renovert toalett og laga bøttekott i kjellaren. Montert ny oppvaskmaskin. Oppgradert sikringsskapet, fått opp nye gardiner i kjellersalen og montert lyskors på ytterveggen mot nord.

Hausten 2020 vart alle vinduene i kjellarsalen skifta.

Våren 2021 vart alle vinduene i hovedsalen skifta. I tillegg fekk hovedfasaden isolasjon og ny kledning. I hovedsalen er lerret og projektor montert og det arbeidast med lydanlegget. I tillegg har huset blitt måla utvendig.

Foreninga vil i tida framover sørge for naudsynte oppgraderingar og vedlikehald etterkvart som økonomien tillet det. 

Vi har fått ein god del dugnadshjelp og gåver som vi er svært glade for. Heilt frå huset vart bygd har det vore velvilje i bygda til å bidra.

Velkommen til arrangementa me har og ta gjerne kontakt med ein i styret ved spørsmål om medlemskap i foreninga, eller om du har andre spørsmål. 

Styret for Daugstad bedehusforening:

Tor Morten Salte. Mob 99 24 90 24.

Gjermund Løvik. Mob 90 58 90 82.

Anne Lislien Stavem. Mob 93 45 93 86.

Anne-Marlen Løvik Salte. Mob 47 05 67 34.